mai 16th, 2017 by paul-aquanor

Servering av tareretter på Vestlandsstanden (D-333)

Om du vil smake spennande retter basert på tare under årets messe, ja då må du ta turen innom Vestlandsstanden i hall D.

Nytt av året er at sjømatbaren skal servere fleire retter med tare frå produsenten Seaweed AS. Rettene er utvikla gjennom eit samarbeide mellom Seaweed AS og sjømatkokkane Einar Hallstensen og Carl Borchgrevinck. –som også presenterer mange spennande retter på www.seaweedfromnorway.no

Seaweed AS held til på Værlandet og Bulandet yst i Sognefjorden og er ein relativt nystarta produsent av tare for konsum. Dei er likevel allereie leiende i Norsk målestokk. ”Seaweed AS er eit heilintegrert taredyrkingsfirma, det betyr at vi har eiget klekkeri, vi har anlegg med eigneutvikla konsept for dyrking av tare, haustefartøy og eit mottak- og produksjonsanlegg”, seier Audun Oddekalv i Seaweed AS.


Vestlandsfylka starta sitt samarbeid innan akvakultur allereie i 2007, gjennom «Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar», nettopp for å løfte fram produksjon av nye marine artar. «Vi ser det som svært viktig at vi utnyttar dei marine ressursane vi forvaltar, og slik sett er dyrking av tare også svært interessant, og noko vi brenn for», seier Lena Søderholm i Sogn og Fjordane fylkeskommune. «At vi no har fått vår første bedrift som kan levere eigenprodusert tare, er utruleg flott.»

På Vestlandet finn vi og produksjon av algar til anna enn mat. Det er m.a. so langt investert 18 mill. i eit pilotprosjekt for dyrking av mikroalgar på Mongstad i Hordaland der ein vil nytte CO2 frå TCM Mongstad til produksjon av framtidas fiskefor.

På opningsdagen vil Marit Gjerstad frå Norges Vel ha eit innlegg om tarenæringa i hovudprogrammet til Aqua Nor. ”Dette er ei næring heilt i startgropa, men med eit stort potensial innan konsummarknaden og andre områder”. Norges Vel leiar eit nettverk av taredyrkarar langs norskekysten som jobbar hardt med å løyse alle utfordringane kring produksjon av tare i sjø”. Heimemarknaden er viktig og det er difor flott at det blir servert tare i sjømatbaren slik at publikum kan få smaken av dette spennande produktet. – Kom innom Vestlandsstanden og slå av ein tareprat”, oppmodar Marit Gjerstad.

Fellesstanden for de fire vestlandsfylka vil i 2017 stå fram med eit fornya uttrykk –både visuelt og strukturelt. ”Vi ville gjerne vidareføre tradisjonen med å ha ein open sjømatbar på standen”, seier prosjektleiar Benedikte Farstad Nashoug frå den marine kompetansebedrifta SALT. I tillegg har vi ynskje om å utvikle eit godt mingleområde der dei besøkande kan få møte vestlandsbedriftene og få med seg faglige og politiske arrangement og knytte nye kontaktar.

Du finn Vestlandsstanden på stand D-333

Stiftelsen Nor-Fishing

Klostergata 90 7030 Trondheim, Norway
Telefon:
+ 47 73 56 86 40
E-post:
mailbox@nor-fishing.no

Her kan du se nettsidene til Nor-Fishing

nyhetsbrev

Vi vil bare sende deg mest mulig relevant informasjon. Kryss ut en eller flere av boksene under slik at vi vet hvilken type informasjon vi skal sende deg.